onsdag 1. juli 2009

LOKALAVIS OG LOKALDEMOKRATI

Oppslaget i Firda tysdag om innføring av eigedomskatt i Fjaler illustrerer eit problem. Nemleg at vi kun har ei lokalavis som dekker kommunen vår og den avisa ser ikkje ut til å vere så oppteken av kva som rører seg i det politiske liv.
Oppslaget om eigedomskatt er det einaste dei har referert frå sist kommunestyre, og oppslaget kjem over ei veke etter møtet. Ikkje særleg imponerande, spør du meg...

I det same møtet hadde vi mange tunge saker. Mellom anna vedtok vi reguleringsplan for Lutelandet, den største reguleringsplanen i kommunen si historie. Vi hadde gjennomgang av RO-rappporten om Fjalerskulen. Her låg det også tilråding om endring av skulestruktur, noko som i seg sjølv skulle vere nok dynamitt i til at Firda burde interessere seg.

Firda var ikkje til stades på møtet. Det burde dei etter mi meining ha vore. Når dei likevel ikkje var der, så er i alle fall eit minimum at dei undersøker litt kva som har skjedd.

Det kan sjølvsagt vere komfortabelt for oss i kommunen at innbyggarane får sin informasjon om slike ting gjennom nettsidene våre og gjennom kommuneavisa Brua, og at vi dermed sleppe kritiske spørsmål. Men; det er her lokalavisa si viktige rolle kjem inn. Eg trur eit velfungerande lokaldemokrati treng ei aktiv vaktbikkje som kan sjå på oss med eit kritisk blikk. I den rolla har avisa Firda desverre svikta meir og meir. Etter nedlegginga av lokalkontoret er det som venta ikkje blitt betre, snarare tvert imot... Stoff frå Fjaler er no nesten totalt fråverande i det som er lokalavisa vår.

4 kommentarer:

  1. Problemet er jo at journalistene i Firda ikke har politisk tyngde til å se hva som er sprengkraft i. Selv om skulestrukturer har vært et varmt tema lenge ;-)

    SvarSlett
  2. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  3. Denne kommentaren har blitt fjernet av forfatteren.

    SvarSlett
  4. Firda har verken kompetansen som trengs, eller interessa. Det er berre å sjå på firda.no: fotball og Tone. Det er ganske pinlig. Eit godt eksempel på lenestolsjournalistikk, heile avisa, dessverre. NÅr ein er for lenge utan både konkurranse og kompetansekrav, blir det slik det blir med Firda.

    SvarSlett