søndag 21. juni 2009

EIGEDOMSKATT I FJALER

Måndag skal kommunestyret handsame mange viktige saker. Eit par av dei heng ganske tett saman, nemleg økonomiplan for dei neste 4 åra og innføring av eigedomskatt.

Eg skal vere ærleg å seie at eg hadde forventa langt meir offentleg debatt om eigedomskatten. Det har omtrent vore heilt stilt i media, og eg merkar ikkje mykje engasjement blant innbyggarane heller.

Kanskje er forklaringa så enkel at innbyggarane ser det same som ein del av oss politikarar gjer, nemleg at det er vanskeleg å sjå alternativ til eigedomskatten? Uansett kva ein måtte meine om eigedomskatten så tilfører den kommunen inntekter. Alternativet til desse inntektene vil vere å kutte i tenestetilbodet til innbyggarane. Det er ikkje slik at det "er pengar i systemet", som enkelte hevdar.

Berre den planlagde vindparken på Lutelandet åleine vil gje oss ca. 5 millionar i faste inntekter pr. år. Det betyr 100 millionar på 20 år. Eg kan ikkje forstå at vi kan ha råd til å seie nei til desse inntektene.

For min del er valet enkelt; eg går inn for eigedomskatt. Eg ønskjer at vi skal oppretthalde eit god tenestetilbod til innbyggarane våre, og ikkje minst: eg ønskjer at kommunen skal ha økonomisk handlefridom for å t.d. kunne løyse naudsynte vedlikehaldsoppgåver og kunne bidra som samfunnsutviklar.
Vi veit korleis det er å vere på fylkesmannen si svarteliste, og det er ikkje ein situasjon eg lengtar attende til.

Eg ønskjer å leie ein kommune som har eit godt tenestetilbod, som legg til rette for at folk kan bu i alle delar av kommunen og som er aktivt med for å skape ei god utvikling i Fjaler. Skal vi greie dette er vi heilt avhengige av inntektene som eigedomskatten vil gje. Mitt standpunkt er klart; eg går inn for eigedomskatt. Så får måndagen vise om eg greier å overtyde både mi eiga partigruppe og eit fleirtal i kommunestyret om at det same...

fredag 12. juni 2009

Facebook i fylkestinget og NRK Sogn og Fjordane...

Dagens store snakkis er bruken av Facebook i fylkestinget, og spesielt fylkevaraordførar Tor Bremer har fått mykje merksemd for å skrive om problem med "sokkasig" midt under fylkestinget. Eg følgde med på Tor sine oppdateringar under fylkestinget, og utanom denne handla alle om politiske saker. At ein liten sleivete og humoristisk kommentar skal bli gjenstand for så mykje merksemd er nesten utruleg. Så alvorleg var dette for NRK Sogn og Fjordane at dei måtte hente fram ypperstepresten sjølv, distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen, som heva peikefingeren og laga ein alvorsam kommentar på denne saka:

http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6650294

Også redaktøren i Firda gjer eit stort nummer av facebookkommentaren til Tor Bremer og viftar litt med peikefingeren han også.
Det er jammen godt vi har slike som dei to vyrde redaktørane som kan opptre som moralen sine voktarar, og som verkeleg set fokus på dei viktige sakene i Sogn og Fjordane.

Kor surmaga går det an å bli? Og fortener verkeleg denne vesle bagatellen så mykje omtale? Som ivrig facebookbrukar har eg vanskeleg for å sjå det. Og denne saka har i alle fall ikkje skremt meg frå å bruke facebook i jobbsamanheng, snarare tvert i mot. Det er ein glimrande muligheit til å kommunisere med innbyggarane som eg framleis kjem til å nytte meg av både til fleip og seriøse politiske saker... Og det til og med medan eg sit på møte...

For ein ting viser i alle fall denne saka; både facebook og andre liknande medium har ei stor gjennomslagskraft og når mange folk på kort tid...