søndag 21. juni 2009

EIGEDOMSKATT I FJALER

Måndag skal kommunestyret handsame mange viktige saker. Eit par av dei heng ganske tett saman, nemleg økonomiplan for dei neste 4 åra og innføring av eigedomskatt.

Eg skal vere ærleg å seie at eg hadde forventa langt meir offentleg debatt om eigedomskatten. Det har omtrent vore heilt stilt i media, og eg merkar ikkje mykje engasjement blant innbyggarane heller.

Kanskje er forklaringa så enkel at innbyggarane ser det same som ein del av oss politikarar gjer, nemleg at det er vanskeleg å sjå alternativ til eigedomskatten? Uansett kva ein måtte meine om eigedomskatten så tilfører den kommunen inntekter. Alternativet til desse inntektene vil vere å kutte i tenestetilbodet til innbyggarane. Det er ikkje slik at det "er pengar i systemet", som enkelte hevdar.

Berre den planlagde vindparken på Lutelandet åleine vil gje oss ca. 5 millionar i faste inntekter pr. år. Det betyr 100 millionar på 20 år. Eg kan ikkje forstå at vi kan ha råd til å seie nei til desse inntektene.

For min del er valet enkelt; eg går inn for eigedomskatt. Eg ønskjer at vi skal oppretthalde eit god tenestetilbod til innbyggarane våre, og ikkje minst: eg ønskjer at kommunen skal ha økonomisk handlefridom for å t.d. kunne løyse naudsynte vedlikehaldsoppgåver og kunne bidra som samfunnsutviklar.
Vi veit korleis det er å vere på fylkesmannen si svarteliste, og det er ikkje ein situasjon eg lengtar attende til.

Eg ønskjer å leie ein kommune som har eit godt tenestetilbod, som legg til rette for at folk kan bu i alle delar av kommunen og som er aktivt med for å skape ei god utvikling i Fjaler. Skal vi greie dette er vi heilt avhengige av inntektene som eigedomskatten vil gje. Mitt standpunkt er klart; eg går inn for eigedomskatt. Så får måndagen vise om eg greier å overtyde både mi eiga partigruppe og eit fleirtal i kommunestyret om at det same...

2 kommentarer:

  1. Sine utfordringer til tross, så klarer Oslo å levere gode kommunale tjenester, har både mindre fraflytting og mer innflytting enn tidligere, - uten å måtte belaste innbyggerne sine med eiendomsskatt. Hvorfor klarer ikke dere det i Fjaler?

    SvarSlett
  2. VamPus:
    Du har tydelegvis ikkje eit snev av forståing for det du snakkar om. Å samanlikne Fjaler kommune med Oslo kommune viser berre kor lite folk i Oslo kjenner til livet utanom bygrensene. Ta deg ein tur ut av bobla di i Grunerløkka og kom deg ut i distrikta, så skal du sjå at dei økonomiske forutsetnadane er heilt andre enn i Oslo.

    SvarSlett