onsdag 12. august 2009

FRP, LOKALDEMOKRATI OG DISTRIKTA

At Frp og Per Sandberg fiskar i rørt vatn er ikkje noko nytt, og når han legg seg borti vegprioriteringane til fylkestinget i Sogn og Fjordane så er han garantert å få merksemd. Det visste han nok veldig godt om.

Bodskapen frå Sandberg har vi også høyrt før, men denne gongen går han eit steg lenger. Han er ikkje berre imot Dalsfjordsambandet, han kan til og med garantere at dersom Frp kjem i regjering så vil dei stoppe prosjektet. Det er ganske oppsiktsvekkande og det gjer dette til noko langt meir enn for eller mot ei bru.

Det som Sandberg her gjer uttrykk for er ei total forakt for lokaldemokratiet. Når eit kommunestyre eller fylkesting gjer eit vedtak som ikkje Frp og Sandberg er fornøgde med, så skal altså Stortinget gripe inn og endre det. Det er eit grovt inngrep i det kommunale sjølvstyret, og det viser Frp sitt sanne ansikt.

Slike utspel berre styrkar meg i trua på at ei Frp-regjering neppe ville brukt særleg mykje pengar på samferdsle i distrikta, sjølv om det sitte ein del naive lakeiar rundt i distrikts-Norge som trur det. Det er vel nok å sitere Siv Jensen frå talen hennar på Nøtterøy (henta frå www.frp.no):

"FrP vil i forhold til transportpolitikk se på hvor befolkningen er størst."

Dette sitatet er meir enn nok grunn for meg til at Frp aldri bør komme i regjering. Det vil vere ei ulukke for distrikts-Norge på dei fleste område. Der er eg heilt på linje med Liv Signe, sjølv om ho kanskje kunne uttrykt seg litt meir diplomatisk...

Det er elles mykje eg kunne ha kommentert om det eg starta med; nemleg Frp og manglande respekt for lokaldemokratiet i høve Dalsfjordsambandet. Noko av det mest provoserande er Sandberg sin retorikk og feilinformasjon om prosjektet. Bevisst sprer han feilinformasjon og slurvar med fakta. Sakleg informasjon om prosjektet og regionen vår vil han ikkje ha. Då komitèen var på besøk sist var han fordufta då dei kom til HAFS-regionen. Eg følgde opp med å invitere han på besøk, men det er han sjølvsagt ikkje interessert.

For Sandberg og andre som vil ha fakta om Dalsfjordsambandet, så finn dei det her:

http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/rv609dalsfjord

Eg oppfordrar Sandberg og resten av hylekoret spesielt til å lese konsekvensutgreiinga og den delen som går på lokal og regional utvikling...