mandag 27. juli 2009

Unge Høgre og FpU si "regjeringserklæring"

Eg las som vanleg Dagens Næringsliv til frukosten, og og i dag vart det vart ein brutal start på dagen. Her slår Unge Høgre og FpU til med ei kravliste til ei eventuell H/Frp-regjering. No trur eg (som Sponheim) at sjansen for at dei to partia får fleirtal heldigvis er veldig liten, og etter å lese utspelet frå dei to ungdomspartia får eg verkeleg håpe så ikkje skjer.

At dei føreslår eit massivt kutt i skattar og avgifter er ikkje overraskande. Heller ikkje måten dette skal finansierast på inneheld store overraskingar, men er desto meir skremmande.

Her skal halvparten av aksjane i staten sine selskap seljast, Innovasjon Norge skal nedleggast, landbrukssubsidiane skal reduserast kraftig og ei rekke velferdsgode (t.d sjukeløn/dagpengar) skal strammast inn for å nemne noko. Dei vil også oppheve makspris på barnehagar, halvere antal kommunar og interessant nok redusere avgiftene på varer som er særleg utsett for grensehandel.
Det betyr nok at "folk flest" skal kjøpast med billigare alkohol, sigarettar og kanskje bacon... No er rett nok ikkje grensehandel så veldig aktuelt for oss vestlendingar, men eg reknar vel med at denne "regjeringserklæringa" stort sett er tilpassa folk på det sentrale Austlandet.

Unge Høgre/FpU vil med si kravliste til moderpartia radikalt endre det Norge vi kjenner i dag, og endringane er ikkje akkurat til det gode for "folk flest". Spesielt for distrikts-Norge vil konsekvensane bli dramatiske og vil bety at den distriktspolitikken som har prega Norge i praksis vil bli avvikla. At ikkje dagens modell har greidd å halde folketalet i distrikta er så, men den har i alle fall etter mitt syn på mange område virka og bremsa fråflyttinga. Det som Unge Høgre/Fpu legg opp til vil i alle fall garantert føre til ei massiv sentralisering.

Utspelet frå Unge Høgre/FpU er mørkeblått på sitt aller verste, og det er fjernt frå det lyseblå Høgre som eg i mange saker har ein viss sans for.

La oss for all del håpe noko slikt aldri blir ein realitet. Eit framleis raud-grønt fleirtal vil hindre det. Skulle ikkje det skje så håpar eg i alle fall den lyseblå delen av Høgre vinn kampen om kva retning Høgre skal gå i.

søndag 12. juli 2009

LÆR DEG FOLKESKIKK, FOSNES HANSEN

Eg har sans for kulturoppropet mot Frp. Dette er ei viktig sak, og eg er heilt einig med dei som fryktar at ei FRP i regjering vil langt på veg rasere det kulturlivet vi kjenner i Norge i dag.

Men; etter å ha høyrt debatten mellom Erik Fosnes Hansen og Frp-nestleiar Per Arne Olsen vart eg både oppgitt og forbanna. Maken til idiotoppførsel frå Fosnes Hansen si side. Dersom han ikkje kan vise eit minimum av folkeskikk i ein slik debatt skadar han berre si eiga sak. Stadige avbrytingar av både programleiar og Olsen, og i tillegg ramle ned på barnehagenivå med å kaste papirfly på Olsen. Kor utruleg talentlaust kan det bli??

Denne saka er altfor viktig til at ein skal gje Frp den gåvepakka det er å sende Fosnes Hansen i krigen. Hadde faktisk forventa at han forstod at ein ikkje vinn debattar på denne måten.

Eg vil oppfordre kulturfolka mot Frp til å finne seg ein annan og meir sivilisert frontfigur, så aukar sjansane for å vinne denne debatten med fleire hundre prosent.

At ein blir forbanna på Frp forstår eg. Først serverer partileiar Jensen skuldingar om kameraderi osv. Deretter blir nestleiar Olsen sendt i krigen og i kjent Frp-stil fortel at det var ikkje sånn det skulle oppfattast og bla bla...

Men uansett kor forbanna ein blir; eit minimum av folkeskikk bør ein kunne forlange og det var desverre Fosnes Hansen langt unna denne gongen...

onsdag 1. juli 2009

LOKALAVIS OG LOKALDEMOKRATI

Oppslaget i Firda tysdag om innføring av eigedomskatt i Fjaler illustrerer eit problem. Nemleg at vi kun har ei lokalavis som dekker kommunen vår og den avisa ser ikkje ut til å vere så oppteken av kva som rører seg i det politiske liv.
Oppslaget om eigedomskatt er det einaste dei har referert frå sist kommunestyre, og oppslaget kjem over ei veke etter møtet. Ikkje særleg imponerande, spør du meg...

I det same møtet hadde vi mange tunge saker. Mellom anna vedtok vi reguleringsplan for Lutelandet, den største reguleringsplanen i kommunen si historie. Vi hadde gjennomgang av RO-rappporten om Fjalerskulen. Her låg det også tilråding om endring av skulestruktur, noko som i seg sjølv skulle vere nok dynamitt i til at Firda burde interessere seg.

Firda var ikkje til stades på møtet. Det burde dei etter mi meining ha vore. Når dei likevel ikkje var der, så er i alle fall eit minimum at dei undersøker litt kva som har skjedd.

Det kan sjølvsagt vere komfortabelt for oss i kommunen at innbyggarane får sin informasjon om slike ting gjennom nettsidene våre og gjennom kommuneavisa Brua, og at vi dermed sleppe kritiske spørsmål. Men; det er her lokalavisa si viktige rolle kjem inn. Eg trur eit velfungerande lokaldemokrati treng ei aktiv vaktbikkje som kan sjå på oss med eit kritisk blikk. I den rolla har avisa Firda desverre svikta meir og meir. Etter nedlegginga av lokalkontoret er det som venta ikkje blitt betre, snarare tvert imot... Stoff frå Fjaler er no nesten totalt fråverande i det som er lokalavisa vår.