tirsdag 21. desember 2010

Omtale i Firda er det visst vanskeleg å få for det som rører seg i lokalpolitikken i Fjaler, så difor får eg prøve å oppdatere litt frå kommunestyret på måndag.


Reknar med dei fleste har fått med seg at Transplant fekk Fjalerprisen for 2010.

Meir om grunngjevinga og bilde frå utdelinga finn du på https://www.fjaler.kommune.no/artikkel.aspx?Aid=718&Back=1&MId1=7

















Eg har tidlegare omtala formannskapet si handsaming av budsjettet, og som venta vart lite endra i kommunestyret . På driftsbudsjettet følgde ein formannskapet si tilråding i sin heilskap. Den einaste endringa var på investeringsbudsjettet der tettstadprosjektet i Dale fekk tilført 300.000 kroner av eit samrøystes kommunestyre. Inndekning for dette fann ein gjennom å redusere summen for planleggingsmidlar til ny gravplass i Dale.

Kommunen kjem no til å søke fylket om tettstadmidlar til prosjektet "Eit ope samfunn - lys som verkemiddel" og vi meiner dette prosjektet er så spennande at det vi bør ligge godt an.
















På eit møte prega av stor semje og ein god tone vedtok ein også samrøystes å gå gje tilsagn om inntil 7 millionar kroner til hotellprosjektet i Dale. Vidare vedtok ein -også det samrøystes- å bruke Fjaler sin andel av eldremilliarden (766.000,-) til kjøp av utstyr og kompetanseheving av dei tilsette i BIO. Det betyr at vi følgjer opp regjeringa sine intensjonar og brukar pengane i sin heilskap slik dei var tenkt.

Det er også kjekt å berolige innbyggarane med at det ikkje er lagt opp til auke i kommunale betalingssatsar for neste år. Sidan 2011 vert første året med eigedomsskatt syns eg det er gledeleg at vi unngjekk auke i betalingssatsane.

Etter eit kommunestyremøte der rådmannen og hans stab fekk mykje velfortent skryt for godt arbeid var det tid for den årlege juleavslutninga for kommunestyret og andre inviterte gjestar. Har lagt ved eit par bilete frå denne flotte tradisjon der ein markerer slutten på eit aktivt arbeidsår.










onsdag 8. desember 2010

EIN KJEKK DAG I FORMANNSKAPET

I mangel av lokalavis som følgjer opp lokalpolitikken i Fjaler vil eg gje eit lite referat frå formannskapsmøtet i går. Møtet vart prega av god stemning og full semje sjølv om tunge saker stod på saklista, og eg syns det var eit triveleg og konstruktivt møte.
I motsetnad til mange andre har vi ikkje hatt den store dramatikken i samband med budsjettet for 2011. Vi kom godt ut av statsbudsjettet og har tidlegare heldigvis gjort grep som gjer at vi har ein etter forholda sunn økonomi.
No vil sjølvsagt nokon av våre dyktige leiarar og tilsette protestere og med rette kunne hevde at dei treng meir pengar til ulike tiltak. Det har eg full forståing for, men utfrå ei heilskapsvurdering vil eg påstå at vi har levelege rammer for drifta av Fjaler kommune i 2011.
I tillegg er eg glad for at vi budsjetterer med å setje av 3 mill på disposisjonsfondet. Det å ha pengar på bok i tilfelle noko uføresett skjer -eller gapet mellom utgifter og inntekter aukar- er heilt nødvendig. Det er også viktig at kommunen har midlar til å vere med på spennande prosjekt som kjem til etterkvart og som ikkje er budsjettert med.

Formannskapet fann også nokre kroner til viktige tiltak som FUTT i Fjaler og bevaring av den spennande krigshistoria i kommunen. Små summar ja, men eg trur det er godt mulig å få mykje ut av slike løyvingar. I alle høve viser årets erfaringar med FUTT i Fjaler det.

Formannskapet drøfta også bruken av regjeringa sin "eldremilliard". For Fjaler sin del utgjer summen 766.000 kr. Eg er glad for at vi er ein situasjon der vi faktisk ser oss i stand til å bruke desse pengane slik dei er meint. Formannskapet tilrår nemleg kommunestyret å bruke heile denne summen på kjøp av utstyr og kompetanseheving av dei tilsette i eldreomsorga. Dersom kommunestyret følgjer opp dette håpar og trur at det vert godt motteke blant både dei tilsette og dei eldre sjølv.

Den kanskje største saka vi hadde føre oss i går var støtte til hotellprosjektet til Solheim Eigedom A/S i Dale. Dette er eit prosjekt som er umåteleg viktig for Dale som tettstad og regionsenter. Formannskapet gjorde samrøystes tilråding om å løyve 7 mill frå Utviklingsfondet til prosjektet. Kommunestyret har det avgjerande ordet då dei handsamar saka i møtet 20. desember.

Og neste kommunestyre; ja, det kan du sjølvsagt følgje på nettet...
Vi har fått mange og gode tilbakemeldingar frå forsøket sist og gjentek suksessen. Meir informasjon om det kjem seinare.

onsdag 12. august 2009

FRP, LOKALDEMOKRATI OG DISTRIKTA

At Frp og Per Sandberg fiskar i rørt vatn er ikkje noko nytt, og når han legg seg borti vegprioriteringane til fylkestinget i Sogn og Fjordane så er han garantert å få merksemd. Det visste han nok veldig godt om.

Bodskapen frå Sandberg har vi også høyrt før, men denne gongen går han eit steg lenger. Han er ikkje berre imot Dalsfjordsambandet, han kan til og med garantere at dersom Frp kjem i regjering så vil dei stoppe prosjektet. Det er ganske oppsiktsvekkande og det gjer dette til noko langt meir enn for eller mot ei bru.

Det som Sandberg her gjer uttrykk for er ei total forakt for lokaldemokratiet. Når eit kommunestyre eller fylkesting gjer eit vedtak som ikkje Frp og Sandberg er fornøgde med, så skal altså Stortinget gripe inn og endre det. Det er eit grovt inngrep i det kommunale sjølvstyret, og det viser Frp sitt sanne ansikt.

Slike utspel berre styrkar meg i trua på at ei Frp-regjering neppe ville brukt særleg mykje pengar på samferdsle i distrikta, sjølv om det sitte ein del naive lakeiar rundt i distrikts-Norge som trur det. Det er vel nok å sitere Siv Jensen frå talen hennar på Nøtterøy (henta frå www.frp.no):

"FrP vil i forhold til transportpolitikk se på hvor befolkningen er størst."

Dette sitatet er meir enn nok grunn for meg til at Frp aldri bør komme i regjering. Det vil vere ei ulukke for distrikts-Norge på dei fleste område. Der er eg heilt på linje med Liv Signe, sjølv om ho kanskje kunne uttrykt seg litt meir diplomatisk...

Det er elles mykje eg kunne ha kommentert om det eg starta med; nemleg Frp og manglande respekt for lokaldemokratiet i høve Dalsfjordsambandet. Noko av det mest provoserande er Sandberg sin retorikk og feilinformasjon om prosjektet. Bevisst sprer han feilinformasjon og slurvar med fakta. Sakleg informasjon om prosjektet og regionen vår vil han ikkje ha. Då komitèen var på besøk sist var han fordufta då dei kom til HAFS-regionen. Eg følgde opp med å invitere han på besøk, men det er han sjølvsagt ikkje interessert.

For Sandberg og andre som vil ha fakta om Dalsfjordsambandet, så finn dei det her:

http://www.vegvesen.no/Vegprosjekter/rv609dalsfjord

Eg oppfordrar Sandberg og resten av hylekoret spesielt til å lese konsekvensutgreiinga og den delen som går på lokal og regional utvikling...

mandag 27. juli 2009

Unge Høgre og FpU si "regjeringserklæring"

Eg las som vanleg Dagens Næringsliv til frukosten, og og i dag vart det vart ein brutal start på dagen. Her slår Unge Høgre og FpU til med ei kravliste til ei eventuell H/Frp-regjering. No trur eg (som Sponheim) at sjansen for at dei to partia får fleirtal heldigvis er veldig liten, og etter å lese utspelet frå dei to ungdomspartia får eg verkeleg håpe så ikkje skjer.

At dei føreslår eit massivt kutt i skattar og avgifter er ikkje overraskande. Heller ikkje måten dette skal finansierast på inneheld store overraskingar, men er desto meir skremmande.

Her skal halvparten av aksjane i staten sine selskap seljast, Innovasjon Norge skal nedleggast, landbrukssubsidiane skal reduserast kraftig og ei rekke velferdsgode (t.d sjukeløn/dagpengar) skal strammast inn for å nemne noko. Dei vil også oppheve makspris på barnehagar, halvere antal kommunar og interessant nok redusere avgiftene på varer som er særleg utsett for grensehandel.
Det betyr nok at "folk flest" skal kjøpast med billigare alkohol, sigarettar og kanskje bacon... No er rett nok ikkje grensehandel så veldig aktuelt for oss vestlendingar, men eg reknar vel med at denne "regjeringserklæringa" stort sett er tilpassa folk på det sentrale Austlandet.

Unge Høgre/FpU vil med si kravliste til moderpartia radikalt endre det Norge vi kjenner i dag, og endringane er ikkje akkurat til det gode for "folk flest". Spesielt for distrikts-Norge vil konsekvensane bli dramatiske og vil bety at den distriktspolitikken som har prega Norge i praksis vil bli avvikla. At ikkje dagens modell har greidd å halde folketalet i distrikta er så, men den har i alle fall etter mitt syn på mange område virka og bremsa fråflyttinga. Det som Unge Høgre/Fpu legg opp til vil i alle fall garantert føre til ei massiv sentralisering.

Utspelet frå Unge Høgre/FpU er mørkeblått på sitt aller verste, og det er fjernt frå det lyseblå Høgre som eg i mange saker har ein viss sans for.

La oss for all del håpe noko slikt aldri blir ein realitet. Eit framleis raud-grønt fleirtal vil hindre det. Skulle ikkje det skje så håpar eg i alle fall den lyseblå delen av Høgre vinn kampen om kva retning Høgre skal gå i.

søndag 12. juli 2009

LÆR DEG FOLKESKIKK, FOSNES HANSEN

Eg har sans for kulturoppropet mot Frp. Dette er ei viktig sak, og eg er heilt einig med dei som fryktar at ei FRP i regjering vil langt på veg rasere det kulturlivet vi kjenner i Norge i dag.

Men; etter å ha høyrt debatten mellom Erik Fosnes Hansen og Frp-nestleiar Per Arne Olsen vart eg både oppgitt og forbanna. Maken til idiotoppførsel frå Fosnes Hansen si side. Dersom han ikkje kan vise eit minimum av folkeskikk i ein slik debatt skadar han berre si eiga sak. Stadige avbrytingar av både programleiar og Olsen, og i tillegg ramle ned på barnehagenivå med å kaste papirfly på Olsen. Kor utruleg talentlaust kan det bli??

Denne saka er altfor viktig til at ein skal gje Frp den gåvepakka det er å sende Fosnes Hansen i krigen. Hadde faktisk forventa at han forstod at ein ikkje vinn debattar på denne måten.

Eg vil oppfordre kulturfolka mot Frp til å finne seg ein annan og meir sivilisert frontfigur, så aukar sjansane for å vinne denne debatten med fleire hundre prosent.

At ein blir forbanna på Frp forstår eg. Først serverer partileiar Jensen skuldingar om kameraderi osv. Deretter blir nestleiar Olsen sendt i krigen og i kjent Frp-stil fortel at det var ikkje sånn det skulle oppfattast og bla bla...

Men uansett kor forbanna ein blir; eit minimum av folkeskikk bør ein kunne forlange og det var desverre Fosnes Hansen langt unna denne gongen...

onsdag 1. juli 2009

LOKALAVIS OG LOKALDEMOKRATI

Oppslaget i Firda tysdag om innføring av eigedomskatt i Fjaler illustrerer eit problem. Nemleg at vi kun har ei lokalavis som dekker kommunen vår og den avisa ser ikkje ut til å vere så oppteken av kva som rører seg i det politiske liv.
Oppslaget om eigedomskatt er det einaste dei har referert frå sist kommunestyre, og oppslaget kjem over ei veke etter møtet. Ikkje særleg imponerande, spør du meg...

I det same møtet hadde vi mange tunge saker. Mellom anna vedtok vi reguleringsplan for Lutelandet, den største reguleringsplanen i kommunen si historie. Vi hadde gjennomgang av RO-rappporten om Fjalerskulen. Her låg det også tilråding om endring av skulestruktur, noko som i seg sjølv skulle vere nok dynamitt i til at Firda burde interessere seg.

Firda var ikkje til stades på møtet. Det burde dei etter mi meining ha vore. Når dei likevel ikkje var der, så er i alle fall eit minimum at dei undersøker litt kva som har skjedd.

Det kan sjølvsagt vere komfortabelt for oss i kommunen at innbyggarane får sin informasjon om slike ting gjennom nettsidene våre og gjennom kommuneavisa Brua, og at vi dermed sleppe kritiske spørsmål. Men; det er her lokalavisa si viktige rolle kjem inn. Eg trur eit velfungerande lokaldemokrati treng ei aktiv vaktbikkje som kan sjå på oss med eit kritisk blikk. I den rolla har avisa Firda desverre svikta meir og meir. Etter nedlegginga av lokalkontoret er det som venta ikkje blitt betre, snarare tvert imot... Stoff frå Fjaler er no nesten totalt fråverande i det som er lokalavisa vår.

søndag 21. juni 2009

EIGEDOMSKATT I FJALER

Måndag skal kommunestyret handsame mange viktige saker. Eit par av dei heng ganske tett saman, nemleg økonomiplan for dei neste 4 åra og innføring av eigedomskatt.

Eg skal vere ærleg å seie at eg hadde forventa langt meir offentleg debatt om eigedomskatten. Det har omtrent vore heilt stilt i media, og eg merkar ikkje mykje engasjement blant innbyggarane heller.

Kanskje er forklaringa så enkel at innbyggarane ser det same som ein del av oss politikarar gjer, nemleg at det er vanskeleg å sjå alternativ til eigedomskatten? Uansett kva ein måtte meine om eigedomskatten så tilfører den kommunen inntekter. Alternativet til desse inntektene vil vere å kutte i tenestetilbodet til innbyggarane. Det er ikkje slik at det "er pengar i systemet", som enkelte hevdar.

Berre den planlagde vindparken på Lutelandet åleine vil gje oss ca. 5 millionar i faste inntekter pr. år. Det betyr 100 millionar på 20 år. Eg kan ikkje forstå at vi kan ha råd til å seie nei til desse inntektene.

For min del er valet enkelt; eg går inn for eigedomskatt. Eg ønskjer at vi skal oppretthalde eit god tenestetilbod til innbyggarane våre, og ikkje minst: eg ønskjer at kommunen skal ha økonomisk handlefridom for å t.d. kunne løyse naudsynte vedlikehaldsoppgåver og kunne bidra som samfunnsutviklar.
Vi veit korleis det er å vere på fylkesmannen si svarteliste, og det er ikkje ein situasjon eg lengtar attende til.

Eg ønskjer å leie ein kommune som har eit godt tenestetilbod, som legg til rette for at folk kan bu i alle delar av kommunen og som er aktivt med for å skape ei god utvikling i Fjaler. Skal vi greie dette er vi heilt avhengige av inntektene som eigedomskatten vil gje. Mitt standpunkt er klart; eg går inn for eigedomskatt. Så får måndagen vise om eg greier å overtyde både mi eiga partigruppe og eit fleirtal i kommunestyret om at det same...