fredag 12. juni 2009

Facebook i fylkestinget og NRK Sogn og Fjordane...

Dagens store snakkis er bruken av Facebook i fylkestinget, og spesielt fylkevaraordførar Tor Bremer har fått mykje merksemd for å skrive om problem med "sokkasig" midt under fylkestinget. Eg følgde med på Tor sine oppdateringar under fylkestinget, og utanom denne handla alle om politiske saker. At ein liten sleivete og humoristisk kommentar skal bli gjenstand for så mykje merksemd er nesten utruleg. Så alvorleg var dette for NRK Sogn og Fjordane at dei måtte hente fram ypperstepresten sjølv, distriktsredaktør Rolf Sanne-Gundersen, som heva peikefingeren og laga ein alvorsam kommentar på denne saka:

http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6650294

Også redaktøren i Firda gjer eit stort nummer av facebookkommentaren til Tor Bremer og viftar litt med peikefingeren han også.
Det er jammen godt vi har slike som dei to vyrde redaktørane som kan opptre som moralen sine voktarar, og som verkeleg set fokus på dei viktige sakene i Sogn og Fjordane.

Kor surmaga går det an å bli? Og fortener verkeleg denne vesle bagatellen så mykje omtale? Som ivrig facebookbrukar har eg vanskeleg for å sjå det. Og denne saka har i alle fall ikkje skremt meg frå å bruke facebook i jobbsamanheng, snarare tvert i mot. Det er ein glimrande muligheit til å kommunisere med innbyggarane som eg framleis kjem til å nytte meg av både til fleip og seriøse politiske saker... Og det til og med medan eg sit på møte...

For ein ting viser i alle fall denne saka; både facebook og andre liknande medium har ei stor gjennomslagskraft og når mange folk på kort tid...

1 kommentar: