onsdag 8. desember 2010

EIN KJEKK DAG I FORMANNSKAPET

I mangel av lokalavis som følgjer opp lokalpolitikken i Fjaler vil eg gje eit lite referat frå formannskapsmøtet i går. Møtet vart prega av god stemning og full semje sjølv om tunge saker stod på saklista, og eg syns det var eit triveleg og konstruktivt møte.
I motsetnad til mange andre har vi ikkje hatt den store dramatikken i samband med budsjettet for 2011. Vi kom godt ut av statsbudsjettet og har tidlegare heldigvis gjort grep som gjer at vi har ein etter forholda sunn økonomi.
No vil sjølvsagt nokon av våre dyktige leiarar og tilsette protestere og med rette kunne hevde at dei treng meir pengar til ulike tiltak. Det har eg full forståing for, men utfrå ei heilskapsvurdering vil eg påstå at vi har levelege rammer for drifta av Fjaler kommune i 2011.
I tillegg er eg glad for at vi budsjetterer med å setje av 3 mill på disposisjonsfondet. Det å ha pengar på bok i tilfelle noko uføresett skjer -eller gapet mellom utgifter og inntekter aukar- er heilt nødvendig. Det er også viktig at kommunen har midlar til å vere med på spennande prosjekt som kjem til etterkvart og som ikkje er budsjettert med.

Formannskapet fann også nokre kroner til viktige tiltak som FUTT i Fjaler og bevaring av den spennande krigshistoria i kommunen. Små summar ja, men eg trur det er godt mulig å få mykje ut av slike løyvingar. I alle høve viser årets erfaringar med FUTT i Fjaler det.

Formannskapet drøfta også bruken av regjeringa sin "eldremilliard". For Fjaler sin del utgjer summen 766.000 kr. Eg er glad for at vi er ein situasjon der vi faktisk ser oss i stand til å bruke desse pengane slik dei er meint. Formannskapet tilrår nemleg kommunestyret å bruke heile denne summen på kjøp av utstyr og kompetanseheving av dei tilsette i eldreomsorga. Dersom kommunestyret følgjer opp dette håpar og trur at det vert godt motteke blant både dei tilsette og dei eldre sjølv.

Den kanskje største saka vi hadde føre oss i går var støtte til hotellprosjektet til Solheim Eigedom A/S i Dale. Dette er eit prosjekt som er umåteleg viktig for Dale som tettstad og regionsenter. Formannskapet gjorde samrøystes tilråding om å løyve 7 mill frå Utviklingsfondet til prosjektet. Kommunestyret har det avgjerande ordet då dei handsamar saka i møtet 20. desember.

Og neste kommunestyre; ja, det kan du sjølvsagt følgje på nettet...
Vi har fått mange og gode tilbakemeldingar frå forsøket sist og gjentek suksessen. Meir informasjon om det kjem seinare.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar